Ein kniv er ikkje berre ein kniv

Ein kniv er så mykje meir enn berre det. Han kan brukast til mykje, alt i frå øks til spikking. Det nyttar likevel ikkje å lage ein kniv som passar til alt. Men, det finst knivar som kan brukast til svært mange føremål. Vi skal sjå nærmare på korleis ein har tenkt i utviklinga av ein svært allsidig tur- og overlevnadskniv.

Prosjektet byrja med at artikkelskrivaren ville gjere noko med at mange knivar i marknaden er for spesialiserte og kommersialiserte. Som aktiv tur- og fjellgåar er det nyttig med ein kniv som både er nyttig som ein vanleg turkniv og som og har tilleggsfunksjonar som militært prega overlevnadsknivar har. Generelt er vekt og storleik viktig, og særleg på lengre turar i fjellet, bør alt utstyr ha flest muleg funksjonar sett i forhold til vekt og storleik. Tradisjonelle turknivar er gjerne hendige og gode å bruke, særleg til spikking. Men, dei har gjerne ikke ei bryne når du må kvessa opp dei, og det er ikkje ekstra rom for naudutstyr som fyrstikkar og synål. Det siste er det elles mange som ikkje tenkjer på, men det er ikkje uvanleg at ein til dømes må sy på ein knapp ein er i ferd med å mista fordi saumen raknar. Ei nål kan og bøyast og brukast som fiskeangel (men, det er kanskje for dei vidarekomne innan tur- og overlevnadsfaget). Dei typiske overlevnadsknivane, som gjerne er militært prega, er gjerne for store, tunge og lite brukbare til den tradisjonelle spikkinga. Nokre er verken kniv eller øks, og er for lite allsidige i bruk. Dersom bladet er så langt som på til dømes ein samekniv (20-25 cm), kan kniven fungere som ei øks. Då er det ikkje naudsynt å ha med ei vanleg øks i tillegg. Dei som har lese bøkene til folk som har våre på store turekspedisjonar, veit at kvart gram tel når den samla vekta skal godkjennast. Plass er det gjerne mangel på og.

Ein har i prosjektet her freista å laga ein kniv som har dei beste kvalitetane frå turkniven og overlevnadskniven. Perfekt er han ikkje, men han er komen langt i utviklinga av ein kniv som gjer mykje nytte sett i forhold til vekt og storleik. Ein skulle tru ein enkelt kunne kjøpe ein slik kniv på marknaden, men kommersialisering, merkevarebygging og spesialisering rår her og, som på mange andre område. Nokre tekniske kompromiss må ein ta, og vi skal kort sjå på dei viktigaste tekniske omsyna.

Bladlengde er 10 cm, og det er vanleg på ein turkniv. Vert han lengre, er han dårleg til spikking. Ein kan og til dømes bruka honom til å dele opp fisk eller skjere brød. Det går. Stålet er middels hardt, og det er smartast på tur. For hardt stål tek lang tid å kvessa opp. Skjeftet er gjerne litt krumma og passar godt til handa på turknivar, medan overlevnadsknivar har eit rett og lite grepsvenleg skjefte. Teknisk er utfordringa at eit hulrom i skjeftet er vanskeleg å kombinera med anatomisk krumming. Her er det teke eit teknisk kompromiss, og løysinga ligg noko i mellom dei to ytterpunkta. Det er eit hulrom som rommar ei stormfyrstikk og ei nål, men ikkje meir enn det. Men, det er plass til ting i lomma på framsida av sliren og, og her har ein teke med ein boksopnar, fyrstikkar med ripeflate, ei bryne og litt sytråd. Det aller viktigaste, men ikkje meir. Ein kunne vurdert å ta med eit kompass og, men det er ikkje så kritisk som mange trur. Sola er normalt eit godt kompass, og eit teknisk kompass må gjerne ha litt storleik for at ein skal kunna lita på det (med omsyn til nivellering). Skjeftet er av einer, og det er både eit hardt og seigt treslag.

Slira er laga på same måten som segldukar i gamle dagar, og det er linstoff som er sett inn med oljebeis. Saumane er i naturleg hamp og olja inn. Knutane limast, og dei held heilt sikkert. Dette er både ei kostnadseffektiv og solid løysing samstundes. Opphenget er romsleg, slik at det passar til breide belte. Det er likevel ikke så stort at det førar til vingling i belte. Nokre tradisjonelle turknivar (gjerne tolleknivar) har feste for eit smalt oppheng i eit punkt, og det gjer vingling. Det er ikkje bra når ein går tur, og opphenget er difor noko breidt øvst og sydd. Kniven er lagt ut til salg på Finn.no

Det kjem fleire og meir generelle turtips når påska nærmar seg..