I denne noko filosoferande artikkelen ser vi spørsmålet om omfordeling sett mot behovet for auka verdiskaping. Aksjon Borgerlig Valgseier kritiserast for å anonymisere gjevarar bak gåver til Frp, men peiker sjølv på venstresidas dobbeltmoral omkring dette. Nemde aksjon har nokre interessante tal og tankar om dette med verdiskaping i samfunnet…
Aksjon Borgerlig Valgseier (ABV) er ein organisasjon som fremmar borgarleg valgsiger ved storingsvalet til hausten. Dei gjer det ved å samla inn pengar frå enkeltpersonar og næringsliv og gjer pengane til parti på høgresida. Dei fekk merksemd føre månad etter å ha gjeve 5 millionar kroner til Framstegspartiet. Dei blei kritiserte av LO og Arbeidarpartiet for ikkje å fortele kven som har gjeve pengane inn til den borgarlege aksjonen.
Dette reiser fleire prinsipielt interessante spørsmål. Det fyrste er om det skal vere ope og offentleg kven som er gjevarane inn til aksjonen. Det er truleg mektige og velståande personar i norsk næringsliv som står bak, og slikt sett kan det vere gode grunnar for offentleggjering. Men, reglane må i så fall vere like for alle. I ein artikkel i iNyheter peikast det på venstresidas dobbeltmoral på dette feltet. LO gjer over tre gongar så mykje i støtte til partia på venstresida (med mest til Ap) enn ABV har gjeve til borgarlege parti. LO og Ap vil ikkje offentleggjere kven som gjer til dei, og det er sjølvsagt dobbeltmoral. Vi ser på dette som taktikkeri for å freista å kvele støtte til borgarlege parti.
ABV har ein særs god artikkel om det viktige spørsmålet om verdiskaping versus fordeling i samfunnet, “Det er ikke politikerne som finansierer vår velferd”. Det er dette alle media burde fremma ordskifte om, men i staden har dei fokuset berre på gjevarsaka. Det visar kor ubalansert og korttenkte dei store media er. Ifølgje ABV har politikarane for stort fokus på å samle inn pengar for å fordela dei. Opprinneleg var dette ein fin tanke, å ta frå dei rike og gje til dei fattige i stilen til Robin Hood. ABV meinar at for kvar krone skattane aukar og gjes vidare ut, vert det ei krone mindre til verdiskaping. Dette må vi sjå litt nærmare på.
Det er nok realistisk som ABV seiar, at det trengst mellom 10 og 30 millioner i investeringar for å skape ein ny arbeidsplass i det private næringslivet. Teoretisk sett har dei rett i at lette i skattane kunne vore brukt til å kanalisere middel til investeringar og arbeidsplassar i næringslivet. Skatt på eigedom og formuar hemmar investeringar, og personskatten er for progressiv (aukar med inntektsnivå) til at det sparast og investerast. ABV (og iNyheter som her er heilt samde med dei) peikar og på at det vert omfordelt mykje pengar gjennom statsbudsjettet, over 400 000 kroner for kvar person. Dei meinar dette visar at vi ikkje kan auka denne omfordelinga utan at det hemmar investeringar i næringslivet. ABV er og kritiske til at staten brukar meir pengar enn dei får inn gjennom skattar og avgifter. Dette skjer ved uttak frå oljefondet (men, med bruk av handlingsregelen på maks tre prosent uttak).
ABV har nok rett i at vi har hatt for mykje fokus på omfordeling og for lite på verdiskaping. Sidan vi er litt filosofiske her og no, kan vi ta ytterpunkta i denne ideologiske dimensjonen, nemleg sosialistiske (i kommunistisk versjon) Nord-Korea versus hyperkapitalistiske Sør-Korea. I 2015 hadde Sør-Korea et BNP per innbyggjar som var 20 gongar større enn i Nord-Korea, ifølgje Store Norske Leksikon. Detter noko gamle tal, men det er liten grunn til å tru at dette har endra seg fram til i dag. Skilnadane mellom Nord- og Sør-Korea skuldast og politiske tilhøve og ikkje berre økonomiske. Likevel visar eksempelet at det er vanskeleg å skape vekst i ein økonomi som ikkje legg til rette for private initiativ i næringslivet. Levestandarden er jamt over svært mykje høgare i Sør- enn i Nord-Korea, trass i at Sør-Korea tillet eit nærmast heilt fritt næringsliv med store skilnader mellom dei ulike aktørane og innbyggjarane i landet. Dei har eit nokså lågt skattenivå for verksemder på 24 prosent (Trading Economics). Personskatten er høgare, med 45 prosent. Ser vi i tillegg på at dei har nærmast ingen særavgifter og særskattar, er det ingen tvil om at det jamne skattenivået er under halvparten av kva det er hos oss.
Det er sjøvlsagt nyansar i dette biletet, og Sør-Korea er utan dei mange velferdsordningane vi har. Det er og sett bort i frå at staten sjølv er aktiv og verdiskapande i næringslivet i ABV (og i Nyheter) sine vurderingar. Ikkje minst var det opphavelege grunnlaget for oljerikdomen vår og sikring av nokolunde lik fordeling av han, at staten var sterkt inne i både produksjon, skattar og fordeling. Slik er det framleis, sjølv om det er fleire private deltakarar i produksjonen enn før. Sist, men ikkje minst må ein og taka omsyn til at dei same personane og verksemdene som betaler skatt og får mykje pengar attende frå staten, slik at ein kan ikkje bruka berre skattenivået som eit mål på kor stor staten si økonomiske rolle er i samfunnet.
Det beste målet for å vurdera kor stor staten er i økonomien er å sjå på det offentlege sin del av det totale BNP til landet. Som ein professor peikar på i denne artikkelen frå DN, er dette talet på 41 i Noreg, og det er markert lågare enn i våre nordiske naboland. Men, ser vi på berre fastlandsøkonomien og tek bort olje og gass, får vi eit stygt tal på 61 prosent. Det er klårt for høgt og høgare enn i våre nordiske naboland. Då er vi inne på det som både ABV og andre politiske aktørar peikar på: vi er svært avhengige av inntektene frå olje- og gassektoren. Sidan omtrent ein tredjedel av statens inntekter kjem frå olje- og gassverksemda (sjå SSB), er og vårt nivå på velferd tett knytta til det same. Det vil seie at vi treng nokså stor økonomisk vekst i privat sektor dei komande tiåra dersom staten sine inntekter gradvis skal erstattast av inntekter frå det private næringslivet. Går ikkje det bra, trugar det velferden til alle på lang sikt..