Fridomens pris

Individuell fridom er ein dei høgaste verdsette verdiane i vårt samfunn. Det er mange føremoner med det, men no skal vi sjå litt på skuggesida. Ho er særleg av økonomisk art. Lågare fødselstal vil påverka økonomien til landet negativt i neste runde, og det må vi alle svi for. Det kan til ein viss grad gjerast noko med dette, men neppe fullt ut…

Talet 2,1 per kvinne er det som skal til for å halde folketalet stabilt (utan innvandring), dvs. at kvar kvinne i gjennomsnitt må føde 2,1 barn. I dag ligg dette talet på 1,44. ifølge NRK/SSB. Det er faretruande lågt. Mange vil seie at det ikkje er så farleg om folketalet går ned og at det vil spara miljøet for ulemper. Det er nok rett, men den store utfordringa er at låge fødselstal gjer at det vert for få yrkesaktive i høve til gamle. Det igjen gjer at skatteinntektene til staten går ned og at det vert mangel på arbeidskraft.

Tradisjonelt har det vore konservative parti som har vore opptekne av dette problemområdet, og dei har valt barn og den tradisjonelle kjernefamilien framfor fridomsverdiar som karriere og likestilling. Slik er det framleis, og Krf og Frp er dei to partia som har gått lengst i å føreslå auka stønader til barnefamiliane. Venstresida har kome litt etter over tid, til dømes ved å gå inn for meir barnetrygd. Begrunninga er likevel reint sosial, og ingen parti på venstresida har vore særleg opptekne av økonomi eller effektivitet i dette spørsmålet.

Dersom vi framleis hadde følgd Bibelen, ville vi ikkje hatt denne utfordringa i det heile teke. Då ville prevensjonsmiddel og abort (fosterdrap) vore forbode, og vi ville hatt store barnekull. Det er ikkje realistisk å skru tida attende dit, men dette nemnast fordi det er teoretisk interessant. Poenget er nemleg at auka individuell fridom gjer mindre fleksibilitet og auka kostnadar til samfunnet. Det eine går utover det andre, og det er uråd å få i både pose og sekk…

Auka innvandring er og eit tiltak som kan gjere arbeidsstyrken større. Skulle det verka effektivt, måtte ein hatt selektiv innvandring ut i frå faglege behov og ikkje den humanitære innvandringa vi har hatt i fleire tiår. Det er ikkje god butikk for landet å ta i mot flyktningar med krigstraumar og andre skadar, men ein frisk indisk ingeniør til dømes hadde gått i stort pluss økonomisk. Men, dette er og eit verkemiddel snillistiske norske politikarar har sagt i frå seg. Det er difor viktig å få fram at det finnes gode verkemiddel på dette området, men at dei ikkje vert tekne i bruk. Mangelen på helsepersonell til dømes vert stadig større og er venta å verte kritisk om nokre år når den såkalla eldrebølga toppar seg. Vi kunne til dømes opna vårt land og arbeidsmarknad for sjukepleiarar og legar frå engelskspråklege land som har vestlege verdiar som oss. Men, det skal vi ikkje gjere av ulike årsaker. Hylekoret om rasisme og sosial dumping kjem frå sosialistane med ein gong nokon vågar å føreslå noko slikt.

Truleg må dette endra med at einsemd vert vanlegare for sjuke og pleietrengande eldre i framtida. Robotar kan i stor grad gjere mange av dei oppgåvene menneske gjer i dag, og langt framme ser vi robotar som erstattar legar og kan operere og. Vi får berre eit fattigare samfunn. Når vi kjem dit vil fleire sakna den gamle fellesskapen, men han er borte for alltid…