Vi er i midt i ferietida, eller agurktida som det vert kalla i mediabransjen. Det skjer ikkje noko stort i politikken, og mediene skriv mest om bagatellar frå kvardagen. Nedsylta i feite feriepengar og stønad frå staten, sit dei vellukka menneskja i eit anna land og nyt ein øl i varmen, medan dei fattige ikkje kjem seg av flekken. Men, dei og får sol her heime. For veret er enno gratis…
Få veit at det latinske namnet for agurk er Cucumis sativus, og at agurken er ei frukt som høyrer til graskarfamilien ifølgje Wikipedia. Meir kjend er det at denne frukta inneheld opp til 97 % vatn. Vi skal dvele litt ved det siste, for få er opne for ny kunnskap i sommervarmen. Poenget er at filosofisk sett burde ikkje agurken kosta meir enn 3 % av det han gjer, for vatn får du jo gratis i naturen her i Noreg. Men, naive som vi nordmenn er, let vi oss lett lura her og. Lat oss i staden sjå på agurken som eit symbol på korleis samfunnet her går sin vante gong i ferietida, og kva føremoner og ulempar det gjer.
For det fyrste kan vi som er her heime, enten det skuldast fattigdom eller noko anna (som til dømes økonomisk fornuft), slappa av. Politisk korrekte mediekanalar (dei fleste litt til venstre og EU-venlege) meldar om bading og varme. Nokre skogbrannar er det som vanleg, og historiene er så typiske at journalistene kunne brukt dei same tekstane som i fjor. Men, det er herleg at vi får fri frå kriser. Sosialdemokratiske journalistar kunne dikta opp ei “brannkrise”, men dei let vere fordi ingen les om det i ferietida. Men, så snart ferietida er over og folk frå den breie middelklassen kjem heim til fedrelandet att, startar alle krisene opp att og. Vi har “klimakrise”, “sikringskrise”, “energikrise”, “bustadkrise” og det kjem sikkert fleire og.. I gamle dagar var krisene relle, og hadde si rot i den verkelege verda. Ofte var naturen sjølv årsaken, og vi menneskje retta oss etter honom. Slik er det ikkje lenger. Det er politiske ekspertar i FN og EU som diktar opp krisar i sine hovud, og dei er politiske. Dei vert for det meste bruka til å fremje FN og internasjonale sosialistars mål og draum om eit sosialistisk verdsregime der alle skal få klin likt mykje av verdas gode.
Norske politikarar (med nokre heiderlege unnatak på den ytre høgrekanten og i miljø høyrande til bonderørsla) kjøpar løgnene til EU og FN fordi dei tenar på det sjølve. Mektige dynastifamiliar (særleg i Arbeidarpartiet) brukar desse til å tekkjast FN og EU, slik at dei får fine posisjonar og velvilje attende. Det er ikkje måte på kor mange internasjonale krisar som kan trekkjast opp av ein hatt, og difor kan Arbeidarpartiet i regjering argumentera for at dei aldri har pengar til overs til gode tiltak her heime. Alt må brukast i andre land, og det er naudsynt for at planeten ikkje skal kollapsa. Det siste skjer ikkje i ferietida, men når ho er over ca. 10. august er planeten atter truga av snarleg undergong.
Norsk politikk er som agurken. 96-97 % av innhaldet er berre juks og fanteri, og vi skulle betalt berre 3 % av skatten vi gjer i dag, skulle det vert økonomisk rettferd i systemet. Noko svinn vert det alltid i det politiske systemet, fordi demokratiet aldri vert perfekt og mykje tid går med til ordskifte før noko vert avgjort. Men, at over halvparten av inntekta til ein vanleg familie går med i skattar og avgifter til staten er ikkje rimeleg når folk ikkje får noko anna en internasjonal prestisje og ros attende. Vi treng mat på bordet, tak over hovudet og straum til dei mange elektriske apparata våre (særleg til elbilen, som mange har vorte narra til å kjøpe). Alt har vorte mykje dyrare dei siste åra, og vi kan ikkje sjå at regjeringa og deira venar på venstresida hjelper oss særleg mykje med å betra dette.
Noko endring på elendet vert det ikkje før sannninga om samfunnet, politikken og verda kjem fram. Noreg er ikkje eit paradis, og vi har mange uløyste oppgåver her på berget og. Dersom det er berre på høgrekanten dette kjem fram, ja så må velgjarane røyste på dei som seiar sannninga der. Som fleire politikarar har sagt opp i gjennom tida: det spelar inga rolle kva farga katta har, berre ho fangar mus….