Vårt Land skreiv i går at organisasjonen Kristent Ressurssenter (KR) hjelper dei som ønskjer å reservere borna sine mot deltaking i Pride og at det er aktuelt på ein skule i Rogaland. Vi skal vise noko av det KR skriv. Vi som dei, meinar Pride står for verdiar som både er skadelege for born og som ikkje kan sameinast med kristen tru.
Vårt Land er åpen berre for abonnentar, men her er linken til nemde artikkel: “Mobiliserer Pride-mostand ved skole i Rogaland.” Her går foreldra saman om å bruke juridiske mittel til å kjempa mot at deira born skal tvingast til deltaking i Pride-markeringar ved skulane. Vi veit ikkje om rettssak er aktuelt i denne saken, men det er generelt mogleg viss andre mittel ikkje er nok. Ein kan tenkje seg at det kan verte aktuelt med bruk av juridiske metodar fleire stader der skular tvingar eller pressar borna til deltaking i Pride og foreldra (eller føresette) er sterkt i mot det av verdimessige årsaker.
På heimesida si skriv Kristent Ressurssenter mellom anna at:
“I møte med pride-markeringer i skolen gjelder flere grunnleggende rettigheter:
• Opplæringen skal skje i samarbeid med hjemmet og med respekt for foreldres overbevisning
• Elever har rett til et trygt og godt skolemiljø – uten press, utenforskap eller krenkelser
• Det finnes rett til fritak fra aktiviteter som oppleves i strid med egen tro eller livssyn
• Skolen må opptre saklig, objektiv og pluralistisk i spørsmål som er verdimessig omstridte”
KR konkluderer her med at at dette er forpliktande slik opplæringslova er skreven, og at foreldre/føresette som opplev at deira born vert pressa til deltaking i Pride-arrangement kan bruka juridiske verkemittel dersom skulen ikkje høyrer på dei og tek omsyn til deira verdisyn.
Vidare skriv KR:
“For å møte denne utfordringen har vi utviklet et juridisk notat i samarbeid med advokater, basert på erfaringer fra konkrete saker. Sammen med tilhørende ressurser skal det være enklere å ta dialogen med skolen på en tydelig og saklig måte.
Notatet og brevmalene hjelper deg blant annet med å:
• Få klar informasjon om opplegget
• Be skolen forklare hva det bygger på
• Be om fritak eller et alternativ
• Be om et tydelig og begrunnet svar skriftlig.”
Ressursar og brevmalar ligg på www.stoppride.no
Vi håper no at dette gode initiativet fører til at dei som er utsette for lovstridig handsaming av skulane no får den hjelpa og motet dei treng for å kjempa for sine borns rettar. Dette er særs viktig, for Pride har utvilsamt (som både vi og andre har skreve om før) ein negativ påverknad på born.
Biletet er, som Wikipedia seier eit måleri frå 1800-talet som visar bergpreika, av Carl Bloch.