Frp er rekordstort…

Frp har ei rekordmåling på InFact, meldar Nettavisen. Samstundes hentar Arbeidarpartiet inn noko av leiinga. Høge slit enno, medan Raudt gjer det bra. Krf er over sperregrensa. Vi skal freista å tolke dette i lys av det som røyrer seg i samfunnet no..

Frp har lenge vore størst, og dei held no fram framgongen ifølgje Nettavisen/InFact. Målinga visar et solid borgarleg fleirtal, og med 32 prosent oppslutnad ville Sylvi Listhaug vorte statsminister dersom dette hadde vore stortingsval. Arbeidarpartiet hentar att noko av avstanden til Frp, med 24,5 prosent. Høgre slit framleis med berre halvparten så stor oppslutnad som Frp. Krf karrar seg over sperregrensa og får 4,5 prosent. Venstre nærmar seg undergongen, medan Sp ligg jamnt på 5 prosent. Elles er det SV som er den store taparen på venstresida, med skarve 3,4 prosent. Mdg klarar sperregrensa med ein liten margin, og Raudt gjer det bra med 7,8 prosent.

Dei to tilhøva som er mest merkbare ved målinga er borgarleg fleirtal med Frp som det leiande partiet og auka polarisering i norsk politikk. Miljøparti slit, og aksa økonomi versus sosiale tilhøve ser ut til å få auka merksemd. I framgongen til Krf kan vi ana en liten verditrend (utan at vi skal overdriva det). Senterpartiet lukkast ikkje heilt med si “fristelling”, men held seg jamt rundt femtalet.

Alt i alt tolkar vi dette som at velgjarane for tida ikkje er nøgde med Jonas Gahr Støre si regjering og at folk ønskjer eit skifte. No er det tre år att til neste stortingsval, og mykje kan skje enno. Polariseringa er merkbar, då det er partia på ytre høgre og ventre kant som veks. Debatten om skattar og avgifter versus sosial utjamning spissar seg, og det er ein trend vi ser internasjonalt og. Ikkje minst har Senterpartiet gjort det vanskelegare for regjeringa med si såkalla “fristelling”, men får noko dårleg betalt for det. Dei held likevel koken nokolunde. Venstrasida lukkast ikkje lenger med kulturmarxistiske framstøt, og miljøkampen er og nokså lunken for tida. I økonomisk stramme tider er det naturleg at skattar og avgifter versus sosiale tilhøve vert den mest dominerande konfliktaksa. Krfs lille framgong kan sjåast på som ein liten reaksjon mot tidlegare kulturmarxistiske utspel frå venstresida. Vi skal ikkje leggja for mykje vekt på dette, men saker som Pride er i alle fall ikkje det som fengjar velgjarane meir. Vi trur folket er nokså tradisjonelt i verdiar, som det alltid har vore.

Sjølv om Ap har noko framgong på denne målinga står statsministeren framfor store oppgåver dersom han skal snu den dårlege utviklinga for regjeringa og deira støttespelarar på venstresida. Vinden bles klårt mot høgresida, og lokalvalet neste år vert ein prøvestein på om venstresida held koken fram mot stortingsvalet i 2029. Det skal mykje til, og ikkje minst er det stort sprik mellom dei ulike partia på ventresida i synet på skattar og avgifter. Her vert regjeringa pressa hardt frå Senterartiet som til dømes vil halde fram med avgiftslettingar på drivstoff. SV ser ut til å ha det for trongt i mellom Ap og Raudt, og ein kan diskutera om Raudt har overteke deira tidlegare rolle som ei sosialpolitisk vaktbikkje. Høgre må truleg omstilla seg viss dei skal henta inn førespranget til Frp, og den nye laiaren har ikkje lukkast særleg med det så langt. Auka krav frå EU som akar kostnadane til folk, enten det er vassreinsing eller meir energiøkonomiske bustader er ikkje populært hjå folk, og her lyt dei EU-venlege partia koma med bøtande tiltak dersom dei skal hindra velgjartap til EU-motstandarane i Raudt, Frp og Sp.

Vi går mot ein spennande haust i norsk politikk, og særleg statsbudsjettet vert krevjande for regjeringa. Her vert makta truleg liggjande i Stortinget, og Støres regjering skal slita mykje for å styrkja si stilling og visa at ho er styringsdyktig. Ikkje minst er magasina dårleg fyllt med vatn, og straumprisane kan fort verte eit trugsmål att. I god norsk ande er det gjerne dei små, økonmiske tilhøva som er mest konfliktskapande i politikken..

Biletet i frå Wikipedia syner Tyssedal kraftanlegg.