Det er haustjamndøgn. Det vil seia at natt og dag er like lange. Men, framover vert dagane kortare og nettene lengre. Dette varer til det snur att, ved vintersolkverv rundt jul. Vi har freista å få kjensler rundt dette fram i eit dikt. Vi brukar ikke KI/Aria meir grunna svak kvalitet..
Haustjamndøgn kjem, med vind og med regn, laussleppt frå sumaren, kaldt og strengt. Dagane minkar, mørkret tek makt, naturen kviler, i dvale lagt.
Sakte vert det kaldare og, som eit snikande tog. Vi får klårna tankene, og stilla kjem vankande.
Mange vert sitjande på seina kveldar og ymse tankar dei kan få. Kven er det som med naturen vil rå?
I det fjerne vi eit ljos kan sjå, for med jul er og brytaren for solkverv på. Så startar vi att, med ein ny naturskatt..