Milei-tenking kan kutta staten med 800 mrd. kr…

I sitt alternative statsbudsjett for 2027, som ble presentert 25.–27. november 2026, føreslår Framstegspartiet (FrP) omfattande skatte- og avgiftslettar kombinert med utgiftskutt på rundt 63 milliardar kroner. Dette ville vore ein bra start, men viss vi hadde kutta like mykje i staten som Milei har gjort i Argentina, kunne vi frigjort opp til 800 miliarder kroner. Vi kunne då gjeve mange gongar så mykje som FrP vil i skattelettar og likevel redusert uttaket frå Oljefondet kraftig..

Skulle Noreg ha teke fram motorsaga og tenkt som den argentinske presidenten Javier Milei, kunne vi ha kutta mellom 630 og 810 milliardar kroner i statsbudsjettet for 2027. Til samanlikning er heile det norske statsbudsjettet på 2 322 milliardar kroner, noko som gjer at dei varsla kutta til Framstegspartiet på rundt 63 milliardar framstår som rein lommerusk – under tre prosent av kaka. Medan norske politikarar gjerne snakkar høgt og lenge om å slanke byråkratiet ved å flytte på nokre papirflyttarar, kutta regjeringa til Milei dei samla offentlege utgiftene med 27 til 35 prosent på berre to år.

I Noreg er det ei utbreidd myte at vi kan finansiere både skattelette og gullkanta velferd berre ved å kutte i bistand, klimatiltak og PR-rådgjevarar, men rekneskapen går rett og slett ikkje opp på det viset. Skal ein kutte i Milei-skala her heime, held det ikkje å skru av lyset i eit par direktorat eller legge ned nokre kulturhus. Då måtte ein først ha stroke heile bistandsbudsjettet, Ukraina-støtta og alle klimatiltak som Enova med eitt pennestrøk, før ein sette full stopp for alle nye veg- og jernbaneprosjekt i landet – noko som åleine ville spart inn rundt 100 milliardar kroner og sett nasjonal transportplan på ubestemt pause.

Sidan mesteparten av det norske statsbudsjettet går rett ut att som velferd og overføringar, måtte motorsaga raskt ha vendt seg mot sjølve kjerneområda i den norske kvardagen. I Argentina kutta Milei overføringane til provinsane med mellom 50 og 90 prosent, og ei tilsvarande halvering av rammeoverføringane til norske kommunar og fylke ville ha tvinga fram dramatisk nedbygging av skular, barnehagar og eldreomsorg over heile landet. Endå verre hadde det gått ut over folketrygda, som åleine sluker nesten 800 milliardar kroner til alderspensjon, uføretrygd og sjukepengar. Milei oppnådde dei største innsparingane sine ved å la galopperande inflasjon ete opp kjøpekrafta til både pensjonistar og offentleg tilsette, samstundes som titusenvis av statstilsette fekk fyken på dagen og alle subsidiar til straum, landbruk, kultur og presse vart fjerna.

Grunnen til at norske politikarar – sjølv dei som likar å posere som tøffe reformatorar – stoppar langt unna slike grep, er at utgangspunktet i Oslo og Buenos Aires er som natt og dag. Milei tok over eit land i akutt økonomisk kollaps, med tom statskasse og ein inflasjon på over 200 prosent, der hestekuren var siste utveg for å unngå fullt samanbrot. I Noreg sit politikarane tvert imot på eit velfylt oljefond som dekker inn eit oljekorrigert underskot på rundt 608 milliardar kroner, medan arbeidsledigheita er låg. Dei omstillingane som ville kome i kjølvatnet av så store kutt i staten ville vore så kraftige at politikarane ikkje tør å tenkje tanken.

Dette skrivast for å syna at vi i namnet har eit demokrati og at det er mogleg å tenkje på ein annan måte enn vi gjer no. Over tid bør vi gå meir mot meir marknadsliberalisme og ein mindre stat. Det vil ikkje seie at dei oppgåvane som ligg hos staten i dag vil kome bort, men at private einskildpersonar, familiar, føretak og idelle organisasjonar ville teke over dei. Betre vilkår for næringslivet ville skapt nye arbeidsplassar som hadde erstatta dei gamle i regi av staten. Verkeleg fridom og demokrati krev at private tek meir ansvar for sine eigne liv enn i dag.

Biletet frå Wikipedia er av den østerrikske samfunnsøkonomen, marknadsliberalisten og antikommunisten Friedrich Von Hayek (1899-1992).