Om påska og påskeharen

Påska er ein kristen tradisjon der ein markerer Jesu liding og død på korset, og miraklet med at han stod opp frå døden etterpå. Men, som jula er påska og ei verdsleg feiring der særleg barna får nokre ekstra overraskingar. Det er på det siste påskeharen kjem inn i biletet.

Påskeharen byggjar på tysk folketru, og skal ha kome frå eit tysk bokverk på slutten av 1600-tallet. Derifrå spreidde han seg til heile Europa og til Amerika. Ikkje er påskeharen kristen i seg sjølv og ikkje er han etisk feilfri i dag, då komersielle krefter tenar pengar på han. Men, tek vi honom som det han var meint som, er han temmeleg ufarleg. Akkurat som julenissen gledar barna med gåver, gledar påskeharen dei med egg med godteri i. Dette er ein fin tradisjon, men det viktigaste og beste er at familiane har tid saman. Fjellturar er og sunt for kropp og sjel.

Du kan lesa meir om påskaharen på Wikipedia. Her vert det ikkje brukt meir tid enn naudsynt på å skriva artiklar, då folk er grådige og skal ikkje tenkje på at tid ikkje er gratis. Nettopp det bør vi og bruke ekstra fritid til. Når du ikkje hjelper andre, får du heller ikkje stort tilbake. Til dagleg er dette for dei fleste ikkje noko problem. Men, den eine gongen du sårt treng hjelp frå nokon, kan det vere fatalt at du ikkje får det. Grådigskap er ein farleg eigenskap hjå oss menneskje. I buddhismen til dømes vert det åtvara mot dette. Ikkje berre fordi andre ikkje får hjelp av deg, men fordi du øydelegg deg sjølv med honom.

Hugs at det er stor fare for snøskred i fjella. Det som først og framst skapar auka fare for skred er: bratt terreng (over 35 gradar er svært farleg), mykje snø, ulike typar lag med snø oppå kvarandre og lite vegetasjon. Det er difor smart å halde seg til slakke bakkar og gå der det er buskar og tre.

God påske!