Poetisk artikkel om straumpolitikk

Vinteren er komen, og det årlege ordskiftet om straumpolitikk er i gang att. I røynda er temaet langt meir teknisk og vanskeleg enn det som går fram i diskusjonane. Dette er ei tung sak å gjere noko med, og det er dyrt og tek lang tid. Ein av føremonane med poesi er komprimering, og det fremjar og gjer det viktigaste tydeleg. Difor er denne skriveforma valt i denne samanhengen.

I kulda har mange ein draum om rimeleg straum. Men, i vår politiske dis ser vi ingen låg pris.

Nokre har ved i ein kvarm og kan fyra seg varm. Med kubbar i ein barm kan ein gløyma all larm.

Dei med enkle og raske løysingar vinn fram. Men, dei kan ikkje utan vidare berre fylla ein kraftdam.

Det er vårt nasjonale straumnett som er for lett. Populistane mot røynda dett.

Statnett har rett. Dei har løysinga sett. Det nyttar ikkje å mase, for her trengs det mang fleir ein base.

Pengane er på plass, men det må gravast og køyrast mange lass med grus før vi får meir straumsus.

Mang ein stolp må setjast i ei dolp. Ståltau skal gå i bau over dik og vik.

Fyrst når kvar ei mo er kopla saman, kan vi få ro i magan.

Mange over utanlandskablar sablar. Det er feil styre som gjer at vi for lite kan fyre.

Men, det er ikkje gjort fort. Så, vi kan godt sinne leggja bort.

Det vert ikkje i år du meir straum får fram frå ein dam.

Han eller ho som er vis veit at dette ikkje berre handlar om pris.