Regjeringa er til for seg sjølv

Det har vore fleire saker i den siste tida. som kastar lys over regjeringa sine prioriteringar. Om kva dei gjorde feil, og kva dei gjorde rett og ikkje minst om kva dei ikkje har gjort (som dei kunne gjort). Det siste er mest interessant i røynda, for få medier har noko filosofisk og heilskapleg syn på det som skjer i samfunnet. Dei tenar ikkje pengar på det, må vete. Så let oss taka det siste først…

I dag (3. mai 2024) gjekk gassprisen opp 11 prosent fordi det har skjedd en feil i overføring av gass frå Nyhamna i Møre og Romsdal til Storbritannia, skriv E24. Vidare skrivast det at dette påverkar både gass- og straumprisen i heile kraftmarknaden i Europa. Ein kan tolka mykje ut i frå dette, alt etter kva ein er ute etter. Slik er det, filosofisk sett. Verda er full av sjansar, og i politikken som elles i livet, kan ein bruke motgang for å få framgang. Denne hendinga syner til dømes kor viktig Noreg er som Europas leverandør av kraft til EU og Storbritannia. Ho syner og kva denne makta kunne vore bruka til om politikarane hadde ønskja det. Med ei slik marknadsmakt innan eit så viktig område som energi, hadde det i alle høve ikkje vore naudsynt å akseptere EUs klima- og energipolitikk utan vidare. Vi kunne bede om nye forhandlingar om EØS-avtalen og fått betre vilkår og meir sjølvråderett enn det vi har no. EU ville sagt ja til det meid ein gong om vi hadde kopla det til stabile leveransar av gass til ein rimeleg pris.

Ei anna sak som er interessant i dag er at NRK skriv at regjeringa innrømmar at det ikkje er nok kraft for å nå klimamåla som blei vedtekne i Parisavtalen. Velkomen etter. Klimaskeptikarar har sagt dette i fleire år, og først no kjem regjeringa haltande etter med ein krokut stav i handa. Dei er til og med på gli i spørsmålet om atomkraft og er viljuge til å ofre nokre få verna vassdrag. Dette visar nok først og framst at det er val til Stortinget neste år, og regjeringspartia må prøve å berge stumpane. Ikkje det at det har noko særleg å seie for borgarane, for Høgre og Arbeidarpartiet er alltid samde om dei store linjene i politikken. Men for si eiga skuld må dei freista å vera fiendar, slik at det ser ut som om dei har ein aktiv valkamp. Senterpartiet vil nok og forsøka å hente attende velgarar dei har mista (ikkje minst til Frp), men dei er meir vande til at det går opp og ned på meingsmålinger enn det Arbeidarpartiet er (historisk sett).

Hovudpoenget er at regjeringspartia er til for seg sjølve og sine venar. Kva som er best for borgarane og landet er ikkje viktig. Kraftmangel burde vore heilt fjernt som samfunnsproblem i eit land som har overflod av både fossil og grøn energi. Alt er berre eit spørsmål om politisk vilje og praktiske tilhøve som teknologi og økonomi. Særleg Arbeidarpartiet har (som Høgre) valt å selje landet til en rimeleg pris til EU og internasjonal storkapital for å tena på det sjølve. Dei får fine posisjonar og stillingar i FN og NATO som betaling i neste runde. Folket og næringslivet er ikkje viktige. Senterpartiet utgjer ein stor og viktig del av regjeringas parlamentariske grunnlag, men har lete Arbeidarpartiet og støttepartiet SV få mykje å seie innan kraftpolitikk og tilhøvet til EU og FN. Det skal ikkje spekulerast i årsaker til det her og no, men berre slås fast at dette er ikkje det pragmatiske Senterpartiet vi kjenner historisk. Då skulle dei vore meir opptekne av maktbruk og hestehandling enn det dei er, og ordbruken mot EU/EØS skulle vore mykje skarpare enn det han er..