Støre vann eit styringskaos.

Venstresida vann valet, og Jonas Gahr Støre held fram som statsminister. Det var framfor alt det taktisk gode samarbeidet med MDG som skaffa venstresida sigeren. Høgre og Venstre var begge for dårlege på taktikk, og blei dei store taparane. Ap lukkast med å selje bodskapen om “trygg styring i ei uroleg tid”, men landet og folket får det motsette. Støre må no styre med støtte frå fire andre parti på venstresida, og det blir truleg svært vanskeleg og ustabilt både med omsyn til statsbudsjettet og den parlamentariske situasjonen til ei kvar tid..

Dei store linene står i fokus i denne analysen, då andre medier er flinke på tal og mandat. Desto viktigare er det å rette blikket på kva som hende og kva som vil hende på det strategiske nivået. Vi kan slå fast at Arbeidarpartiet (Ap) og Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) klarde å skaffe venstresida siger og framleis Ap-regjering ved å hjelpe kvarandre i sluttspurten av valkampen. MDG, som tidligare har vore dårlege på taktikk, kom sterkt attende i valkampens siste fase og støtta Ap-regjeringa sterkt. Det var eit sjakktrekk, og her har det truleg vore god koordinering mellom Youngstorget og MDG.

På høgresida er det mykje som gjekk gale, men hovudårsaka til at den borgarlege blokka tapa er Høgres historisk elendige resultat på under 15 prosent. Det hadde og ein del å seia at Venstre kom under sperregrensa på 4 prosent. Det blir nok ei lang sjølvransaking i Høgre, men vi kan trygt starte med å seie at dei vart for konturlause. Som partileiar Solberg sjølv sa, vart dei skvisa i mellom Ap og Framstegspartiet (Frp), og klarde ikkje å stå fram som styringspartiet på borgarleg side. Venstre starta valkampen bra, med ein skarpare profil enn før. Men, dei lukkast ikkje taktisk. Dei vingla rett og slett for mykje i spørsmålet om kva for borgarleg regjering dei skulle støtte og kven som skulle vere statsminister. Slikt tålast ikkje i det harde mediepolitiske landskapet i dag.

Etter alt å døme vil Ap halde fram med Støre som statsminister og styring aleine. Dei vert avhengige av fire andre parti på venstresida (SV, Raudt, MDG og Senterpartiet (SP)). Det vert svært krevjande både budsjettmessig og parlamentarisk. Avstanden frå SP til Raudt er svært stor, og det er vanskeleg å sjå for seg at desse to partia vil bli samde om eit statsbudsjett. SPs leiar, Vedum har dessutan signalisert i fleire medier at han vil ha ei meir fri stilling på Stortinget for partiet sitt enn tidlegare. Støre kan køyra slalåm på Strortinget i mange saker, men i budsjettsamanheng er det vanskeleg. Eit budsjett skal henge saman, og både Høgre og Venstre vil ha behov for sjølvprofilering framfor samarbeid med Ap.

På borgarleg side må alle parti no godta det faktum at Frp er kome for å verte det største partiet og innretta seg etter det. Dei bør avslutta krangling om kven som skal vere statsministerkandidat og kven som skal vere med i ei framtidig borgarleg regjering. Sylvi Listhaug må vere deira kandidat til statsministerposten, og alle borgarlege pari må slutta opp om ei eventuell borgarleg regjering om 4 år. Frp er meisteren på politisk taktikk (som vi har skreve om i ein tidlegare artikkel), og dei andre bør lære av dei. Krf forstod dette, og spela korta godt. Dei var klåre på at dei ville støtte ei borgarleg regjering same kva for regjering det ville verte og kven som ville leia henne. Samstundes fekk dei fram eigne hjartesaker på ein god måte, og blei løna med å koma over sperregrensa. Krf lukkast med det Venstre ikkje lukkast med.

Det blir ein spennande haust på Storinget, då Aps mindretalsregjering må forhandla med andre parti om budsjett og store saker elles. Det er stor fare for at landet og oljefondet blir tapande når alle støttepartia på venstresida sel seg dyrast muleg for å gi samtykke til Aps budsjett. Enten vil bruken av oljepengar måtte auke, eller så blir skattar og avgifter auka for å finansiere budsjettsemje. Dersom dette går for langt, kan det bli naudsynt at Stortinget grip inn med tiltak for å styra pengebruken strammare og for å stabilisere tilliten til at Norge framleis skal ha såpass moderate skattar at det er leveleg for det private næringslivet.