Trygg styring = kommunisme…

I sin iver etter å styre trygt, har regjeringa føreslått forbud mot sterk snus. Dette vil i praksis ramme halvparten av all snus, og er ein julegave til svenske tobakkshandlarar.. Helseargument kan alltid brukast, og det er lett å sjå dei. Men, vi kan ikkje sjå på snus isolert, for dette vil gje meir røyking. Ein må og sjå regjeringas totalitære politikk i ein større samanheng. Dersom alle skal være 100 prosent trygge til eikvar tid, må ein innføra kommunisme..

Dei fleste avisene skriv om saken, men ifølgje Nettvisen vil regjeringa møta hard motstand mot forslaget. Regjeringa og helseminister Vestre grunngir framlegget med helse og at unge skal unngå å verte avhengige av tobakk. Særleg Senterpartiet og Frp er sterkt i mot, og dei peikar på særleg to årsaker til det: auka svenskehandel og meir røyking: auka bruk av snus har gjett mindre røyking. No kan det gå andre vegen att..

Vi er naturleg nok samde med SP og Frp her, men vil og sette saken i ein større samanheng. Dette er kanskje trygg styring, som Støre har fremja som sitt nye slagord. Men det er og ein politikk som saman med andre saker av same type går mot ein totalitær stat. Argumentet med born held ikkje når forbodet rammar alle, og snusbruk vert ikkje sett i samanheng med annan bruk av tobakk. Her legg regjeringa sjølv opp til at ein skal spekulera i kva dei eigentlege motiva for ein så kontrollerande politikk er.. Vi skal ikkje gjere det, men slå fast at dette er altfor autoritært og inngripande i folks kvardagsliv til at det kan grunnast med omsyn til unges helse.

Regjeringa har frå før kome med fleire forbod som er autoritære og byråkratiske, så som forbod mot reklame for næringsmiddel retta mot born, innstramming på Taxfree-kvotar, nøytral tobakksemballasje, 25-års aldersgrense på e-sigaretter og tiltak for å hindre bruk av utanlandske nettspel. Nyleg vart bota for å bruka mobiltelefon under køyring auka til 10450 kroner, ein sats som på ingen måte står i eit rimeleg tilhøve til brotsverket.

Regjeringa lykkast ikkje med å fremja private investeringar og nye etableringar på fastlandet, men er ekspertar på å avgrensa folks fridom i kvardagen. Denne formynderske og overkontrollerande politikken bunnar i ei mistru til at det einskilde menneskje er i stand til å ta noko ansvar sjølv for sitt liv. Staten veit alltid best, og ein trur ikkje at enkeltmennesket og private organisasjonar eingong har evne til å tenkje moralsk sjølve.

Eit ekte demokrati er noko anna enn det regjeringa driv på med, for i det systemet er det fridom under eige ansvar. I eit liberalt demokrati trur ein faktisk at vi borgarar sjølve er i stand til å taka ansvar for våre eigne liv. Vi gjer og folk fridom for at borgarane skal utfalde seg og vere kreative. Ofte førar det til nye idear som gjev økonomisk vekst.

Det Ap-regjeringa driv på med er det motsette, og når forboda vert stadig fleire og meir autoritære går det mot kommunisme. Skal alle ha 100 prosent trygging i einkvar situasjon, må alle kontrollerast og overvakast heile tida. Dette vert dyrt, byåkratisk og ineffektivt. Men, Støre og & ønskjer eit Noreg som vert meir likt det kommunistiske Nord-Korea eller den gamle Sovjetunionen. Sjekk prisen på flybillettar til Sveits her: Swissair. Snart er det fleire enn rikingar som flyttar til eit land med ekte demokrati..